Londonfararane

Londonfararane

tirsdag 8. mars 2016

Veke 2

Andre veka på praksisen er i gang å det har hittil gått fint! Det er lange dagar, men dagane går fortare og fortare då vi har fleire arbeidsoppgåver no enn i forrige veke.

Idag, Tysdag har vi for første gong vore med i stell og fått observert og delteke litt. Stellet i seg sjølv er heilt likt som ein gjer det i Norge, men i forhold til Norge så er det ikkje så hygienisk og ein brukar ikkje like god tid til kvar pasient. Alle dei som arbeider der får kvar sin lapp om morgonen med dei pasientane dei skal stelle, og når pasientane er stelt finn ein frokost til dei, om det ikkje er nokon med god tid på spisestua.

Etter at alle har ete frokost, sit alle pasientane på stua, der dei ser tv eller driv med andre aktivitetar, vi har til dømes å puzzle eller teikne. Når klokka nærmar seg halv 1130, byrjar pleiarane å ta pasientane på do før middagen 1230. Under middagen er vi med å mate dei pasientane som ikkje klarer å ete sjølv. Etter middagen er det lunsj for oss som arbeider, etter at vi har fått alle pasientane inn igjen på stua.

Når vi er ferdige med vår pause byrjar vi med aktivitetar, der kan vere som sagt å puzzle, teikne, sjå i bok eller noko som vi gjorde idag at vi har ei matte på golvet, der det er forskjellige ruter med poengsummar, så skal pasientane kaste risposar å få poeng, og så er det som regel musikk på, på denne tida så då er det nokon pasientar som også dansar, eller dei sit berre å pratar å slappar av. Det held vi som oftast på med fram til klokka blir 3, og vi er ferdige for dagen.

-Iselin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar