Londonfararane

Londonfararane

tirsdag 1. mars 2016

Forbredelsane og våre første inntrykk av london

Sjølve forberedelsene til turen var ikkje så store, tida før turen gjekk veldig fort og plutselig var dagen komen. Vi starta reisa søndagsmorning 05.00, og var i Bergen rundt 09.00. Derifrå tok vi flyet til London, sjølve flyturen tok rundt 2timar. På flyplassen vart vi møtt av en som skulle kjøre oss til Adc Collage, det var her det gjekk opp for oss at vi skulle bu her i 3 veker.  Vi blei fort henta av vertsfaren som kjørte oss "heim", velkomsten var veldig fin. Vi blei møtt av vertsmora når vi kom inn og ho viste oss litt rundt i huset. Forventningane på standarden til huset og maten var veldig låge etter at vi hadde høyrt masse frå andre. Huset hadde ikkje vegg til vegg teppe som forventa og roms hadde grei størrelse, vi føler oss som heime. Maten vi har fått så langt har egentlig vert ganske lik maten vi får i Norge (lasagn, kylling og ris, kvit fisk med poteter), vertsmora laga og lunsj til oss kvar morgon med grove rundstykke, salatblad, skinke, ei frukt og ei flakse med vatn, noko som vi er veldig fornøgde med.

2 dagen skulle vi møte opp på Adc Collage klokka 09.00, vertsfar fulgte oss heilt til døra. Vi Adc Collage fekk vi informasjon om London,  korleis vi skulle finne fram og litt korleis vi måtte snakka med engelske mennesker. Forskjellene fra her til Norge e ganske store når det gjelder høflighet og måten vi snakkar på. Vi merka fort at ord som thank you og sorry måtte komme inn naturlig i setningene våre. Etter litt informasjon fekk vi kart og skriv om korleis vi skulle finne fram til arbeidsplassane våre, og då var vi sikkelig i gang følteest det. Ingen gjekk aleine så det gjekk egentlig fint å finne fram, selvfølgelig gjekk vi litt fram og tilbake men at vi fant fram var over våre forventninga første dagen.

Turen så langt har vert fin, føler ikkje heilt at det har gått opp for oss enda. Det følest meir som en ferie, men trur det blir annleis etter å ha fått jobba litt.


-Marte og Kristine


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar