Londonfararane

Londonfararane

tirsdag 8. mars 2016

Northwood Nursing Home🏫🌿🍂

Då er eg ferdig med min sjuande dag i praktisk her i London. Eg er utplassert på ein sjukeheim som heiter Northwood Nursing Home, det er ein privatsjukeheim, som vil seie at dei sjølv betalar for å bu der. Her finner vi pasientar med ulike behov, psykisk sjuke, dement, eller ulike typar skader. Sjukeheimen har 3. etasjar med tjue rom. Den ligger i eit byggefelt i Nortwood, 1time i fra der eg bur.   

Arbeidsdagene her på Nortwood er ganske så like praksisdagane eg hadde på Førde helsetun sist praksisperiode, der vi byrja med rapport i 08.00-tida. Når vi var ferdig med rapporten, har vi "tea time", som dåke sikkert veit går det mykje i tea her i England. Dagane går eigentleg i  å pleie pasientane utifrå deiras behov. Det er veldig spennande å sjå kordan andre land arbeidar, eg er sjølv overraska over hygienen her nede, sjølv om det er vegg til vegg teppe, så er det utrulig reinsleg rundt oss, skifting  av seng, hanskar og frakkar er noko vi gjere heile tida. Når det gjelder maten dei får servert til middag, så er den mykje betre en kva den er  i Norge. Her får dei velge mellom tre til fire middagsretter kvar dag, som f.eks. Kylling, pasta eller gryte med tilbehør. 
Før eg reiste ned til London satte eg meg nokre mål, blandet anna eit mål som handla om hygiene, livskvaliteten og kordan man skal kommunisere med ulike brukara utifrå behova deira. Dette er noko eg har fokusert mykje på og det kjem eg til å fortsette med. Det er lærerike dagar, når eg kjem på arbeid får eg en ein veileder eg skal følgje den dagen, der eg skal observer og vere med på stell av pasientar. Kollegane eg arbeidar med tok meg i mot med varmearmar, det er utrulig kjekt å arbeide på Northwood Nuring Home, der alle er hyggelig og i møte kommande med alle. Eg ser fram til fleire arbeidsdager her i London.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar