Denne veka har gått kjempe fort. Eg har kome godt inn i rutinane på arbeidsplassen, så
dagane er fullt opp med gjeremål. Eg har også prata mykje med pasientar og
kollegarar, og trives kjempe godt ilag med dei. Dagane går ofte i dei same, men
eg trives godt med det. Etter kvart som eg er der, legg eg merke til fleire og
fleire ting. Ein merkar godt at hygienen ikkje er den same som i Noreg. Dei er
ikkje så grundige på om alt ligg opp i bosset, Ofte ligg bæsjebleier på golvet,
og dei skrapar saman alt bosset før dei tar det med ut og kastar det.
Dei
siste dagane har eg arbeida mykje med kommunikasjon. Det er lettare å snakke
engelsk no, og eg føler kommunikasjonen går mykje lettare. Når alt av stell og
mating er unnagjort, prøver eg å finne på aktivitetar med brukarane. Det er
ikkje alle pasientane som ein kan gjere aktivitetar med, på grunn av ulike
hemningar. Men dei pasientane ein kan gjere aktivitetar med, er veldig glade i
brett spel. Det går ofte i Scrabble, og eit spel som heiter «upwords». Dette
spelet er det same som Scrabble, berre at ein kan byggje på orda oppover. Ein
anna aktivitet nokre av pasientane likar er å teikne. Dei har ein perm, der ein
kan finne fram teikningar som ein kan fargelegge.
Eg
får ikkje lov å ta bileter på arbeidsplassen min, så blir dessverre ingen bileter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar