Londonfararane

Londonfararane

mandag 14. mars 2016

Dagane i praksis har gått kjempe fort, kan ikkje tru vi e godt over halvveis av praksisdagane. Dagane har gått så ekstremt fort, men det blir nok godt å komme heim igjen og. Den norske dusjen er kanskje det eg savnar mest, så det seier vel kanskje det at vi har hatt det godt her.

Eg begynner å bli bedre kjend med kollegane mine og pasientane så det gjør jo arbeidsdagen lettare. Det er veldig interessant å høyre på alt dei har å fortelje, om bryllupsdagen deira og andre tøffe ting dei har opplevd. Når man møter ein person er det ikkje sånn at man tenker seg til kva den har opplevd, om personen har gått gjennom en sterk kamp med kreft, minsta sønnen sinn med ei ulykke eller sjukdom eller å sjå nokon bli påkjørd.

Eg prøver å finne på litt aktivitetar med dei, idag tegna eg med en pasient, lest avis og sett på TV. Kjøkkenet var og ute av stand idag, men det gjekk heilt fint. Det eg ikkje likte var at dei jobba på kjøkkenet og lagde masse støy medan pasientane spiste middag. Dei kunne vel sagt ifra at dei kunne ta pausen då i 30 minutt istedenfor rett etter pasientane hadde spist. Eg har enda ikkje vert med på noko stell av pasientane, men syns egentlig det går fint så lenge eg har noko å gjør.

-Marte


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar