Londonfararane

Londonfararane

torsdag 3. mars 2016

Lennox house

Grunna missforståingar og feil informasjon har ikkje eg fått jobba dei 2 første dagane. Eg har tilbringt  nokon tima på adc Collage og fått noken oppgåve mens dei andre har jobba. I og med at eg ikkje har fått jobba enda har eg ikkje fått så mange inntrykk av turen enda, følest enda meir som en ferie med kvardagslivet. Heldigvis har vi fått ordna problema med Lennox house og imorra skal eg ha min første dag på jobb. Eg er veldig spent, og forventa egentlig det verste. Diana (kontakten vår fra adc Collage) sa at vi måtte forberede oss på det verste og heller bli positivt overraska. Eg er spent på korleis dei tar oss imot og korleis det vil gå med språket. Eg har jo snakka litt med dei andre og korleis dei opplever jobben så eg føle meg litt klar på det som kan skje, og korleis dagane blir.

Så langt av turen har vi gått litt tura i område og vert på eit lite shoppingsenter berre noken minutts unna, her går det også an å gå. Engelsken går overraskande bra her nede iforhold til det eg hadde tenkt, men det blir vel kanskje noke anna når eg skal jobbe? Å finne fram går også greit, om man tar litt feil er det enkelt å finne tilbake. Eg merka at vi blir fort slitne her, så vi har lagt oss ganske tidlig kvar kveld.

-Marte

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar