Londonfararane

Londonfararane

tirsdag 8. mars 2016

Helg

Denne helga har vi både slappa av og opplevd mykje. Fredagen tok vi ein roleg kveld heime, før vi var tidelig oppe lørdagen. Klokka 11 skulle vi på London eye. Dette var kjekt, og fekk sett mykje av London. Etter London eye reiste vi på ein sightseeing buss tur. Dette blei ein kald tur då vi måtte sitte ute. Men då vi fekk valet om å kjøre vidare med bussen, eller å reise på shopping var ikkje valet vanskeleg. Vi fann fram til nærmaste undergrunn og tok den til Oxford street. Der blei det eindel shopping, før vi reiste tilbake til vertsfamilien. Søndagen reiste vi på outlet, og shoppa endå meir. På kvelden reiste vi og åt middag ilag med resten av gjengen som reiser. Vi la oss tidleg for å lade opp til ei ny veke i praksis. 

-Iselin, Kristine, Marte og Kristiane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar